From Wikipedia, the free encyclopedia
Påskeaftan eller påskeeftan (latin Sabbatum Sanctum, «Helgelaurdag») er dagen før påskedag. I kyrkjeleg tradisjon er dagen prega av minnet om at Jesus låg i grava, og at læresveinane hadde låst seg inne, i frykt for dei som hadde krossfesta han. Etter Peters fyrste brev 3,18-19 og 4,6 fór Kristus til dødsriket for å forkynne for dei døde, så dei ved Anden skulle leve. På ikon knytt til påska kan einsjå Kristus sprenge dødsrikets portar, og rekkje handa åt Adam og Eva, åt kongar og profetar.
I skandinavisk tradisjon er det ingen gudstenester i kyrkjene påskeaftan, men i nokre kyrkjer held dei messe påskenatta for å feire Jesu oppstode. I Skandinavia er helgedagsaftnar tradisjonelt gjenstand for folkeleg feiring. I påska er påskeaftan den store kvelden for feiring og påskefest. Barna får gjerne påskeegg fylte med smågodt.
På 300-talet var skikken at konvertittar sa fram si offentlege truvedkjenning denne dagen, før dei vart tekne opp i kyrkjelyden under påskevigilia. Men på 500-talet hadde påskefeiringa forskyvd seg slik at vigilien starta laurdag kveld, og det vart slutt på denne skikken. På 800-talet var det vanleg at vigilia starta allereie ved middagstid, og frå 1300-talet var det vanleg at ho vart feira på forskott på påskeaftans morgon.
Ordninga med vigiliemesse på morgonen vart i Missale Romanum frå 1570 slått fast som einaste tillatne ordninga i Den katolske kyrkja. Men i 1951 flytta pave Pius XII vigilia til kvelden att. Ho skal ikkje feirast før mørkret bryt fram, og helst nær midnatt. Dermed er det på sjølve laurdagen, i kyrkjeleg samanheng rekna frå solnedgang langfredag til solnedgang påskeaftan ingen liturgi. Dette er den einaste dagen katolikkane ikkje kan ta imot nattverden, bortsett frå om dei er i dødsfare.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.