![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/44/Patrasodeum.jpg/640px-Patrasodeum.jpg&w=640&q=50)
Pátra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pátra (gresk Πάτρα, klassisk gresk Πάτραι, Pátrai, latin Patrae, osmantyrkisk Ballıbadra) er den tredje største byen i Hellas og ligg nord på Peloponnes, 215 km vest for Aten. Han er hovudstad i periferieininga Akhaía i periferien Vest-Hellas. Byen vart bygd ved foten av fjellet Panakhaikó ved Pátrabukta.
Pátra Lokalt namn Πάτρα | |
---|---|
![]() Det romerske Odeumet i Pátra | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Peloponnes |
Koordinatar | 38°15′N 21°44′E |
Areal | 333,14 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Vest-Hellas Akhaía |
Hovudsete | Pátra (169 886 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 215 922 (2021[1]) |
Folketettleik | 648,1 /km² |
Storbyområdet rundt Pátra har om lag 214 000 innbyggjarar.[2] Det har vore busetnadar her i fire tusen år og i romartida vart han ein storby og eit senter for det austlege Middelhavet og i følgje kristen tru var det har apostelen Andreas leid martyrdøden. Kalla Hellas si «dør til vesten» er Pátra eit trafikknutepunkt med ei travel hamn og handel og kommunikasjon med Italia og resten av Vest-Europa. Byen har to offentlege universitet og eit teknologisk institutt, som fører mange studentar til byen. Den imponerande Río-Andírio-brua knyter Río, ein austleg forstad i Pátra, til byen Andírio over Korintbukta.
Kvar vår er Pátra åstad for eit stort karneval og med eit stort kulturelt miljø vart byen europeisk kulturhovudstad i 2006.