Punkalaidun
From Wikipedia, the free encyclopedia
Punkalaidun er ein kommune i landskapet Birkaland i Finland. Kommunen har cirka 3 300 innbyggjarar og eit areal på 364,05 km² der 2,93 km² er vatn. Punkalaidun er ein finskspråkleg kommune som grensar til kommunane Huittinen, Humppila, Loimaa, Urjala og Sastamala. Før 2005 høyrde Punkalaidun kommune til landskapet Satakunta.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Punkalaidun | |||
kommune | |||
Punkalaidun kommunehus | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Birkaland | ||
Areal | 364,05 km² | ||
Grunnlagd | 1639 | ||
Språk | finsk | ||
![]() Punkalaidun 61.111666666667°N 23.105°E / 61.111666666667; 23.105 | |||
Wikimedia Commons: Punkalaidun | |||
Lukk
Ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen er SHT-Tukku, eit selskap som produserer og importerer utstyr for gravleggingar. Fabrikken sysselset om lag hundre handverkarar og har ei stort mengd modellar av kister. Punkalaidun kommune har den beste sysselsetjingssituasjonen i regionen. Arbeidsledige arbeidssøkarar i november 2016 var 123 personar eller 9,6 prosent.[1]