![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c8/Pumori-WestRoute-B%25C3%25BChler-Steck2001.jpg/640px-Pumori-WestRoute-B%25C3%25BChler-Steck2001.jpg&w=640&q=50)
Pumori
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pumori (òg Pumo Ri) er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Nepal og Kina, om lag åtte kilometer vest for Mount Everest. Pumori er eit sherpa-ord som tyder «ugift dotter» og blei gitt av George Mallory. Fjellklatrarar omtalar ofte Pumori som «Mount Everests dotter».
Pumori | |
---|---|
![]() Pumori. Bühler og Steck si rute over vestsida er teikna inn. | |
Høgd over havet | 7 161 m |
Område | Nepal/Kina (Tibet) |
Fjellområde | Himalaya |
Koordinatar | 28° 0′ 53″ N, 86° 49′ 41″ A |
![]() | |
Førsteklatring | 1962 av Gerhard Lenser |
Normalrute | Høgfjellstur over bre |
Pumori er mykje klatra. Den lettaste ruta har ein vanskegrad på 3 (lett klatring). Ein tysk-sveitsisk ekspedisjon under leiing av Gerhard Lenser førsteklatra fjellet i 1962.
I 2001 lukkast dei sveitsiske ekstremklatrarane Ueli Steck og Ueli Bühler med å førsteklatre vestruta sjølv om dei begge blei tatt av eit snøras under oppstigninga.[1]
Bitoppen Kala Patthar (5 675 m) blir ofte klatra på grunn av utsynet mot Mount Everest, Lhotse og Nuptse frå fjellet sin sørtopp (5 545 m).