Puerto Montt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Puerto Montt (mapudungun Meli Pulli) er ein hamneby, ein kommune og regionhovudstaden i Los Lagos-regionen i det sørlege Chile. Han ligg i den nordlege botnen av Reloncavíbukta, 1 055 km sør for hovudstaden Santiago. Kommunen spenner over eit område på 1 673 km² og har ei folkesetning på 245 902 i 2017. Kommunen er ein del av Llanquihue-provinsen i regionen.
Puerto Montt | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region |
Chile Los Lagos-regionen | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 1 673 km² | ||||
Innbyggjarar | 245 902 (2017) | ||||
Innbyggjarar - By (2017) |
169 736[1] | ||||
Høgd over havet | 14 m | ||||
Tidssone | UTC-04:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.puertomonttchile.cl | |||||
Nettstad: www.puertomonttchile.cl/ | |||||
Plassering | |||||
Plassering av kommunen innanfor Los Lagos-regionen |
Puerto Montt vart grunnlagt så seint som i 1853 under den tyske koloniseringa av det sørlege Chile, men voks snart forbi dei eldre nabobyane grunna den strategiske plasseringa i den sørlege enden av den chilenske sentraldalen. Han ligg geografisk mellom innsjøane Llanquihue i nord, og i sør Chiloé-øyane og Austral-sona (Zona Austral), den sørlegaste naturlege regionen i Chile.
Puerto Montt har vakse til å bli det nest største sentrum for lakseproduksjon i verda på 1990- og 2000-talet. Likevel resulterte den chilenske lakseakvakulturkrisa på slutten av 2000-talet i alvorleg arbeidsløyse og tilbakegang i den lokale økonomien. Det kulturelle uttrykket i byen blandar element frå Chiloé-kulturen med ein tysk arv. Byen har tiltrekt seg menneske frå heile Chile dei siste 30 åra som kjem for å finne lønnsarbeid.