Provinsen Trapani
From Wikipedia, the free encyclopedia
Provinsen Trapani (italiensk Provincia di Trapani; siciliansk Pruvincia di Tràpani) er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Trapani. Han har eit areal på 2 460 km² og totalt 425 067 innbyggjarar (2001). Det er 24 kommunar i provinsen.
Nasjon | Italia |
Region | Sicilia |
Hovudstad | Trapani |
Areal | 2 460 km² |
Folketal (2001) | 425 067 |
Folketettleik | 173/km² |
Kommunar | 24 |
Bilnummer | TP |
Postnummer | 91100 |
Retningsnummer (tlf) | 923 |
President | sen. Antonio d'Alì |
Plasseringa til Trapani i Italia |
Bortsett frå hovudstaden er dei største og viktigaste byane Segesta, Gibellina, Erice, Castelvetrano, Alcamo, Marsala, Mazara del Vallo, Castellammare del Golfo og Mozia. Den nærliggande øya Pantelleria og Dei egadiske øyane høyrer òg adminstrativt til provinsen Trapani.
Provinsen Trapani produserer meir vin enn kvar av regionane Toscana og Piemonte, og kvar av landa Ungarn, Austerrike og Chile.