From Wikipedia, the free encyclopedia
Koranen identifiserer 25 profetar (nabi) for islam med namn, men ei vanleg oppfatting i islam er at det har vore 124.000 profetar opp gjennom historia og Koranen seier at Gud har sendt ein profet til kvart folk.
Berre ein liten minoritet av profetane vert rekna å ha vorte send heilage bøker, som Toraen og Koranen og desse profetane vert rekna å vera bodbringarar eller rasul. I islamsk tru vert Muhammed rekna å ha kome med ein profetisk bodskap til heile menneskeætta heller enn eit avgrensa folk, og han vert rekna for å vera den siste profeten.
Tradisjonelt vert fem profetar rekna som særleg viktige i islam, Nuh (Noah), Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa (Jesus) og Muhammed.
Koranen nemner også Adam, Idris (Enok), Hud, Saleh (Shelah), Lut (Lot), Ismail (Isjmael), Ishaq (Isak), Yaqub (Jakob), Yusuf (Josef), Ayub (Job), Shoaib (Jetro), Zulkifl (moglegvis Esekiel), Daud (David), Sulayman (Salomo), Ilyas (Elias), Al-Yasa (Elisja), Yunus (Jonah), Zakariah (Zakarja) og Yahya (Johannes døyparen).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.