Potomac
elv i USA / From Wikipedia, the free encyclopedia
Potomac er ei 462 kilometer lang elv aust i USA.[1] Elva sine kjelder er i Allegheny Mountains og dannar ein del av grensa mellom delstatane Maryland og Virginia.[1] Potomac er seglbar frå munningen i Chesapeake Bay opp til Washington, D.C.[1]
Kjappe fakta Land ...
Potomac | |||
elv | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Potomac 39.528333333333°N 78.587777777778°W / 39.528333333333; -78.587777777778 | |||
Wikimedia Commons: Potomac River | |||
Lukk
«Potomac» er ein europeisk stavemåte for Patawomeck, det algonkinske namnet på ein landsby på sørbreidda hennar.[2] Amerikanske urfolk hadde ulike namn for dei ulike delane av elva. Dei kalla elvedelen over Great Falls Cohongarooton, som tyder 'kaklande gjæser'[3][4] og «Patawomke» etter styka, som tyder 'svaneelva'.[5]