From Wikipedia, the free encyclopedia
Posthornfrimerke er ein serie norske frimerke med eit posthorn som sentralmotiv. Det fyrste merket vart utgjeven i 1871, og serien vert nytta og vert enno utvikla, noko som gjer den til den frimerkeserien i verda som har vore lengst i bruk.[2]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Det fyrste posthornmerket vart teikna av arkitekt Wilhelm von Hanno i 1871. Motivet er eit klassisk posthorn med ei krone over og verdiangivelse i «krøllen». Horn og krone står i midten av ein dobbelt oval med ordet «Norge» i øvre del og Postfrim.og dessutan valør i nedre del. Kvart av dei fire hjørna inneheld eit hjul med to vingar. Det har gjennom tidene kome talrike utgåver av posthornfrimerka. Den generelle utforminga er endra berre i liten grad, medan det er stort mangfald i fargar og verdiar.
Innanfor dei offisielle utgjevingane finst det ei stort mengd variantar, særleg på grunn av tidlegare tiders graverings- og trykkemetodar. Dette har gjort frimerka til eit ynda spesialfelt for filatelistar. Det er utvikla ein terminologi for skildring av detaljane i merka og variantar/feil som finst. Det finst òg omfattande litteratur om posthornfrimerka.[3]
Dei fyrste frimerka var 1 skilling grøn (NK 16), 2 skilling blå (NK 17), 3 skilling raud (NK 18), 4 skilling fiolett (NK 19), 6 skilling oransjebrun (NK 20) og 7 skilling brun (NK 21), som kom ut i perioden 1871–75. I tillegg til variantar i motivet, finst desse i ulike fargenyansar og trykt på ulike typr papir og med varierande vannmerking.
I 1877–78 kom det ut nye posthornfrimerke, no med øreverdier. Fram til 1922 var motivet nokså einerådande på norske frimerke. (Einaste unntak var høgvalørar, dvs. kroneverdiar, som hadde kongeportrett, og dessutan ei utgjeving i samband med grunnlovsjubileet i 1914.) Seinare har det med ujevne mellomrom kome nyopptrykk og nye verdiar.
Fram til og med 1929 vart posthornfrimerka produsert i boktrykk. I neste runde, frå 1937 til 1952, nytta ein djuptrykk. Utforminga var då ved Kolbjørn Finstad, medan Arne E. Holm var ansvarleg for ein serie som i 1962–78 blei trykt i ståltrykk.
I 1955 vart det utgjeve tre frimerke i samband med hundreårsjubileet for Noregs fyrste frimerke. På det eine (NK 426) er NK 18 avbileta. Til hundreårsjubileet for posthornmotivet vart det utgjeve eit miniatyrark (NK 686) med to frimerke (NK 684 og 685), som begge hadde tidlege posthornfrimerke som motiv.
I 1991 kom dei fyrste i ein ny variant. Disse var tofarga, i det ovalen og det som er inni denne hadde éin farge og hjul og vingar ein annan. Merka, som enno var trykt i ståltrykk, fekk nå kroneverdiar. Kunstnar var Knut Løkke Sørensen. I 1997 trykte ein for fyrste gong posthornfrimerke i offset. Ansvarleg kunstnar var no Sverre Morken.
I 2001 skjedde nok ein fornying. Ein gjekk over til å trykkja i femfarga offset. Sjølve posthornet med krone fekk metallfarge, medan motivet har nyansar av valørfargen. Kunstnarar var Sverre Morken og Enzo Finger. Frå 2010 vert serien utvida med høyverdimerke (tosifra kronebeløp). Først ut var NK 1775 med pålydande 30 kroner.
Frå 2014 vert nytta i stor grad sjølklebende papir for posthornmerkene.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.