From Wikipedia, the free encyclopedia
Portstewart er ein liten kystby i grevskapet Derry i Nord-Irland. Han ligg like nord for Portrush i Republikken Irland.
Portstewart | |||
by | |||
Land | Nord-Irland | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Derry | ||
Distrikt | Coleraine | ||
Folketal | 7 803 | ||
Portstewart 55.18°N 6.711°W | |||
Wikimedia Commons: Portstewart | |||
Turisme er ei viktig næring for byen, som er kjend for si fine strand. Denne er rundt 3 km, og tilhøyrer National Trust. Ho er populær blant surfarar. Byen har tre golfbanar, som alle tilhøyrer Portstewart Golf Club. Å spele golf her er ei spesiell utfordring på grunn av den sterke vinden som nesten alltid bles inn frå Atlanterhavet.
Portstewart blei grunnlagd i 1792 av John Cromie, som kalla han opp etter forfedrane sine på morssida, familien Stewart frå Ballylesse.[1] Ein løytnat Stewart skal ha fått leige landet av jarlen av Antrim i 1734.[2] Tidlegare var området kjend som Port na Binne Uaine, eit namn som viser til øya Benoney (Binne Uaine) i nærleiken.[3] Namnet Port na Binne Uaine er framleis i bruk i dag, saman med den gæliskifiserte versjonen av det engelske namnet, Port Stíobhaird.[4]
Området har vore folkesett sidan yngre steinalder, men fram til midten av 1700-talet var ikkje Portstewart stort meir enn ein fiskarlandsby. På midten av 1800-talet blei byen utvikla til ein liten feriestad av den lokale landeigaren John Cromie. Utviklinga og karacteren til byen blei sterkt påverka av sabbatarianismen til Cromie-familien, og motstanden mot jernbanesamband som følge av dette. I hundreåret som følgde hadde nabobyen Portrush ei kraftigare utvikling med masseturisme enn Portstewart. Trass i trikkesamband mellom Portstewart og Cromore blei byen verande ein meir eksklusiv stad. Då biltransport blei viktigare på 1900-talet fekk Portstewart fleire vitjande, og blei også meir av ein soveby på grunn av nærleiken til Coleraine.
Frå 1950- til 1980-åra var hovudutviklinga i byen basert på utvikling av bustadsområde. Rundt 2000 førte ein auke i studentar og bruk av hus i byen som ferieheimar til at mange meinte han hadde endra karakter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.