![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e9/Grey_Pork_Pie.jpg/640px-Grey_Pork_Pie.jpg&w=640&q=50)
Pork pie-hatt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein pork pie-hatt er ein hatt med flat topp som oppstod på 1800-talet og har vore knytt til ulike stilar, frå viktoriansk ungjentemote til jazz- og ska-musikarar. Hatte finst som strå- og filthatt. Namnet har han fått av di han liknar på ein type engelsk kjøttpai.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e9/Grey_Pork_Pie.jpg/320px-Grey_Pork_Pie.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/25/Solange_Wilvert2.jpg/640px-Solange_Wilvert2.jpg)
Pork pie-hatten er låg, ofte med ein flat topp, og har smal brem. Moderne utgåver har ofte eit søkk langs kanten på toppen. Bremmen er som oftast bretta opp, nokre har han ned framme. Hatten er gjerne pynta med eit band, tidvis også med ting som fjører.
Filtversjonen av hatten kan minna om andre hattar som homburg, fedora eller trilby. Stråversjonen minner mykje om straw boater, ein flat stråhatt.