From Wikipedia, the free encyclopedia
Pollux (italiensk Monte Polluce) er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits og Italia med ei høgd på 4 092 meter over havet. Han er den lågare av to tvillingtoppar. Den andre toppen er Castor og begge er kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Passet mellom dei toppane er 3 845 meter høgt og heiter Passo di Verra på italiensk og Zwillingsjoch på tysk.
Pollux | |||
Monte Polluce | |||
fjell | |||
Pollux (høgre) og Castor (venstre) frå Grenzbreen | |||
Land | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Regionar | Aostadalen, Valais | ||
Del av | grensa mellom Italia og Sveits | ||
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 092 moh. | ||
Primærfaktor | 247 m ↓ mot Monte Rosa | ||
Koordinatar | 45°55′40″N 7°47′07″E | ||
Lettast tilkomst | Søraustryggen (delar er UIAA I+) | ||
Førstestiging | Jules Jacot | ||
- dato | 1. august 1864 | ||
Fjellet Pollux 45.93333°N 7.78333°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Castor and Pollux peaks | |||
Dei første som nådde toppen av fjellet var Jules Jacot frå Genève med guidane Josef-Marie Perren og Peter Taugwalder den 1. august 1864. Ruta deira gjekk via Schwartztor, eit pass som først vart kryssa av John Ball og Gabriel Zumtaugwald i 1845. Den imponerande nordveggen vart først klatra av Kaptein John Percy Farrar og Wylie Lloyd med guiden Josef Pollinger den 18. august 1893.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.