![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/45/Red_knot_Delaware.jpg/640px-Red_knot_Delaware.jpg&w=640&q=50)
Polarsnipe
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Polarsnipe, Calidris canutus, er ein mellomstor vadefugl i snipefamilien som hekkar sirkumpolart på tundra. Dette er ein stor medlem av Calidris-snipene, berre sibirsnipe er større.[2] Seks underartar er anerkjente, alle er sterke trekkfuglar.
Kjappe fakta
Polarsnipe | |
![]() Calidris canutus rufa, hekkedrakt Foto: U.S. Fish and Wildlife Service, Public domain | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiing og trekkruter for dei seks underartane av polarsnipe. Rutene kan ha breiare front enn det pilene i figuren indikerer | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Calidris |
Art: | Polarsnipe C. canutus |
Vitskapleg namn | |
Calidris canutus |
Lukk
Føda varierer med årstida, leddyr og larver er føretrekte matkjelder i hekkeområda, medan ulike blautdyr med hardt skal blir føretrekt andre stader til andre tider. Nordamerikanske hekkefuglar migrerer til kystnære område i Europa og i Sør-Amerika, medan den asiatiske populasjonar overvintrar i Afrika, Papua Ny-Guinea, Australia og New Zealand. Fuglane av denne arten dannar enorme flokkar når dei ikkje hekkar.