![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/68/Poitou-Charentes_blason.svg/langnn-640px-Poitou-Charentes_blason.svg.png&w=640&q=50)
Poitou-Charentes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Poitou-Charentes er ein tidlegare fransk region som låg vest i landet. Han blei skapt av i 1956 av dei eldre regionane Poitou, Angoumois, Saintonge og Aunis. Han omfatta departementa Charente, Charente-Maritime, Deux-Sèvres og Vienne. I 2016 blei han del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.[1]
Poitou-Charentes | |
![]() | |
Fakta | |
Hovudstad | Poitiers |
Regionspresident | Jean-François Macaire |
Flatevidd | 25 810 km² |
Folketal | 1 713 000 (2006) Rangering 15 |
Folketettleik | 64 innb./km² |
Arrondissement | 14 |
Kantonar | 157 |
Kommunar | 1 464 |
Geografi | |
![]() |
Til forskjell frå mange andre regionar i landet har han ei kort historie og lite regionalt særpreg. Poitiers blei vald til regionshovudstad framfor dei jamstore byane La Rochelle og Angoulême fordi han hadde eit universitet.