Pogradec
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pogradec er ein by og ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg ved Ohridsjøen aust i landet og grensar i vest til regionen Elbasan, i aust til nabolandet Nord-Makedonia.
Pogradec | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Pogradec ved Ohridsjøen | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Korçë | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
585 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
61 530 | ||
Koordinatar | 40°54′0″N 20°39′0″E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Pogradec kommune innafor regionen Korçë |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Pogradec vart slått saman med landkommunane Udënisht, Buçimas, Çërravë, Dardhas, Trebinjë, Proptisht og Velçan.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Pogradec.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 20 848 innbyggjarar, medan dei åtte kommunane som i dag utgjer storkommunen Pogradec, til saman hadde 61 530 innbyggjarar.[1]
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Pogradec, som var samanfallande med den noverande kommunen.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Pogradec.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.