Please Please Me
album av The Beatles / From Wikipedia, the free encyclopedia
Please Please Me er det fyrste albumet The Beatles laga. Det vart gjeve ut 22. mars 1963 for å utnytte suksessen til singelen «Please Please Me» (andreplass) [1] og «Love Me Do» (17. plass). Av dei fjorten songane på albumet vart åtte av dei skrive av Lennon/McCartney, og bandet vart eit av dei første som skreiv sine eigne songar og spelte sine eigne instrument.[2] I 2003 plasserte magasinet Rolling Stone albumet på 39. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[3] På same lista vart det plassert først av dei tidlege Beatles-albuma, men berre på sjetteplass bak dei andre Beatles-albuma Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, Revolver, Rubber Soul, The Beatles (The White Album) og Abbey Road.
Please Please Me Studioalbum av The Beatles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. mars 1963 (mono) 26. april 1963 (stereo) | |
Innspelt | Abbey Road 11. september 1962, 26. november 1962 og 11. februar 1963 | |
Sjanger | ||
Lengd | 32:45 | |
Selskap | Parlophone PMC 1202 (mono) PCS 3042 (stereo) CDP 7 46435 2 | |
Produsent | George Martin | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Beatles-kronologi | ||
Please Please Me | With The Beatles (1963) | |
Singlar frå Please Please Me | ||
|
Rolling Stone hadde òg to songar frå albumet på lista deira over 500 største songane gjennom tidene med «I Saw Her Standing There» på 139. plass og «Please Please Me» på 189. plass.
I USA vart mange av songane på Please Please Me først gjevne ut på Vee-Jay Records som Introducing The Beatles i 1964, og seinare på Capitol Records som The Early Beatles i 1965. Den opphavlege utgåva av Please Please Me vart først gjeve ut i USA då Beatles-katalogen hamna på CD i 1987.