Plastic Man
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Plastic Man» er ein song av The Kinks frå 1969, skriven av Ray Davies.
«Plastic Man» Singel av The Kinks | ||
B-side |
«King Kong» | |
---|---|---|
Utgjeve | 28. mars 1969 | |
Innspelt | Mars 1969 Pye Studios (No. 2), London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:04 | |
Selskap | Pye 7N 17724 [1] | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Britisk Kinks-kronologi | ||
«Days» (1968) |
«Plastic Man» | «Drivin'» (1969)
|
Songen er i liknande stil som tidlegare Kinks-songar som «Dedicated Follower of Fashion». Han vart skriven som eit forsøk på å oppnå ein hitsingel og vart gjeven ut berre få dagar etter innspelinga. Det førre året hadde vore kommersielt katastrofalt for The Kinks. Dei to førre singlane deira hadde ikkje nådd Topp 10 i Storbritannia, og nådde ikkje singellista i det heile i USA. Albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society nådde heller ikkje salslistene.
Planen slo feil då dei nytta ordet «bum» (rumpe) i linja «...plastic legs that reach up to his plastic bum»), som gjorde at BBC nekta å spele songen på radio. Singelen nådde berre 31. plass i Storbritannia og dei neste singalane deira nådde ikkje singellista i det heile.
Singelen vart ikkje gjeven ut i USA.
Begge sider av singelen, samt stereoutgåve av begge to, vart gjevne ut som bonusspor på CD-utgåva av Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire).