Piauí
delstat i Brasil / From Wikipedia, the free encyclopedia
Piauí er ein delstat nordaust i Brasil som grensar mot delstatane Pará, Tocantins, Bahia, Pernambuco og Paraíba og Ceará. Delstadshovudstaden er Teresina.
Piauí | |||
delstat | |||
|
|||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Del av | nordaustregionen i Brasil | ||
Hovudstad | Teresina | ||
Areal | 251 755,5 km² | ||
Folketal | 3 219 257 (2017)[1] | ||
Piauí 7.4166666666667°S 42.9°W / -7.4166666666667; -42.9 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Piauí | |||
Piauí blei kolonisert av portugisarar på 1600-talet. Økonomien er hovudsakleg basert på landbruk, og kvegdrift er dominerande.
Piauí har eit tropisk klima. Ein stor del av delstaten består av det halvtørre Sertão-landskapet. Mesteparten av delstaten har eit halvtørt klima med periodevis regn frå desember til april og tørke resten av året. Store delar av landskapet er dekte av kratt kalla caatinga.
Piauí har den kortaste kystlinja av alle delstatane i Brasil, på berre 66 km. Delstatshovudstaden Teresina er også den einaste hovudstaden i den nordaustre delen av Brasil som ikkje ligg ved kysten. Årsaka til dette er at i motsetning til nabodelstatane blei Piauí først kolonisert i innlandet og ikkje frå vatnet.