From Wikipedia, the free encyclopedia
Phoebe Snow (fødd 17. juli 1950 som Phoebe Ann Laub, daud 26. april 2011) var ein amerikansk songar, låtskrivar og gitarist, mest kjend for hitten «Poetry Man» frå 1975. Ho vart skildra av The New York Times som ein «kontraalt med ein bluesaktig brumming som kunne sveipe over fire oktavar».[3]
Phoebe Snow | |||
Fødd | 17. juli 1950[1][2] | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York City[1] | ||
Død | 26. april 2011 (60 år)[1] | ||
Dødsstad | Edison i New Jersey i USA | ||
Fødenamn | Phoebe Ann Laub | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1972–2010 | ||
Sjanger | Folk, blues, gospel, jazz, pop, rock, rock and roll, softrock, soul, adult contemporary | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Stemmetype | alt | ||
Plateselskap | Shelter, Columbia, Atlantic, Eagle, House Of Blues | ||
Verka som | Songar-låtskrivar | ||
Mor | Lili Mann |
I barndomen i Teaneck i New Jersey lærte ho først piano, men byta til gitar i tenåra og skreiv dikt som etter kvart vart til dei første songane hennar. Etter at ho kom over scenefrykta si, spelte ho i klubbar i Greenwich Village tidleg i 1970-åra med både viser og popsongar, i tillegg til jazz, blues og gamle slagerar.
Etter ho fekk kontrakt med Leon Russell sitt Shelter, gav Snow ut debutalbumet sitt i 1974. Det inneheld den store hitten «Poetry Man» og albumet nådde fjerdeplassen på albumlista i USA. Ho la så ut på turné med Paul Simon og spelte på hitten hans «Gone at Last». I 1976 kom Second Childhood, ein ny suksess som òg selde til gullplate. Ho heldt fram å spele inn plater utover 70-åra med It Looks Like Snow i 1977, Never Letting Go i 1977 og Against the Grain i 1978, og etter Rock Away i 1981, spelte ho ikkje noko meir dei neste åtte åra.
I 1989 signerte ho kontrakt med Elektra og gav ut Something Real, etterfølgd av ei rekkje konsertar i New York som medlem av den tidlegare Steely Dan-frontmannen Donald Fagensitt New York Rock and Soul Revue. Snow forsvann så frå søkelyset igjen, bortsett frå at ho song på mange reklamar for radio og fjernsyn. I 1994 dukka ho opp i Woodstock med ei gospelgruppe som bestod av Mavis Staples, CeCe Peniston og Thelma Houston. Ho gav så ut albuma I Can't Complain i 1998, Natural Wonder og Live in Woodstock i 2008.
Ho fekk hjerneblødning i januar 2010 og hamna i koma. Ho døydde i april året etter.
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.