From Wikipedia, the free encyclopedia
Philipp Jacob Spener (13. januar 1635–5. februar 1705) var ein tysk teolog og ein av grunnleggjarane av pietismen. Han var dessutan slektsforskar og grunnleggjar av den vitskaplege heraldikken. Spener var fødd i Rappoltsweiler i Elsass og døydde i Berlin.
Philipp Jacob Spener | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 13. januar 1635 Ribeauvillé |
Død |
5. februar 1705 (70 år) |
Yrke | teolog |
Språk | latin, tysk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Philipp Jacob Spener på Commons |
Spener var frå omkring 1670 med å opprette såkalla collegia pietatis, grupper av kvinner og menn som samla seg i lag med presten til oppbyggelege møte utanom gudstenestene i kyrkja.[1]
Pia Desideria frå 1675 er rekna for Speners viktigaste verk. På den tida hadde den lutherske ortodoksien dominert det protestantiske Tyskland i meir enn hundre år. Pia Desideria vart skriven som føreord til ei nyutgiving av Johann Arndt si bok Den sanne kristendom. Det er rekna for pietismens programskrift, og inneheldt tre hovuddelar:
For Spener var sjølvfornektinga ei grunnutfordring i kristendommen. Prestane skulle ikkje arbeide for personleg rikdom og ære, men utelukkande for Guds ære og frelsa for kyrkjelyden. Om berre prestane kunne leve etter dette, ville den haldninga smitte over på alminnelege menneske. Dette lekfolket vart viktig for pietistane. Men først måtte folket få bukt med drukkenskapen. Vidare måtte dei få bukt med trongen til rettsprosessar, og heller dra lærdom av eigedomsfellesskapet i dei første kristne kyrkjelydane.
For Spener var ikkje kristendom kunnskap, men handling.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.