From Wikipedia, the free encyclopedia
Peter Pellegrini (fødd 6. oktober 1975) er ein slovakisk politikar som har vore president i Slovakia sidan 15. juni 2024. Han var før dette statsminister i Slovakia frå 2018 til 2020.[1]
Peter Pellegrini | |||
| |||
Fødd | 6. oktober 1975 (48 år) Banská Bystrica | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Slovakia | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Univerzita Mateja Bela v Banskej Bystrici Technická univerzita v Košiciach | ||
Alle verv |
|
Pellegrini har òg vore helseminister frå desember 2019 til mars 2020, visepremierminister (2016–2018) og minister for utdanning og vitskap (2014), og har dessutan vore formann i det slovakiske parlamentet i periodane 2014–2016 og 2023–2024. Han var òg medlem av partiet Retning – sosialdemokrati (Smer-SD), men forlét dette partiet og var med på å stifta og leia Røysta – sosialdemokrati (Hlas-SD) sidan juni 2020.
I januar 2024 kunngjorde Pellegrini sitt kandidatur til presidentvalet i Slovakia i 2024. Han enda på andreplass etter Ivan Korčok i fyrste valomgang. Han vann likevel over Korčok i den andre omgangen som vart halde den 6. april med 53 % av røystene. Han vart innsett som den sjette presidenten i Slovakia den 15. juni 2024.[2]
Pellegrini studerte på økonomifakultet ved Matej Bel Universitet og Tekniske universitetet i Košice, med fokus på bank, investering og finans ved det sistnemnte.[3] Mellom 2002 og 2006 yrkte han som økonom og seinare som rådgjevar for Lubomír Vážny, ein medlem av det slovakiske parlamentet.[3][4]
Ved parlamentsvalet i 2006 vart han vald inn i det slovakiske parlamentet for partiet Smer-SD. Han vart attvald ved valet i 2010 og 2012.[3] Mellom 2012 og 3. juli 2014 var han statssekretær for finans. Han vart ei kort tid etter minister for utdanning og vitskap.[4]
Den 25. november 2014 vart han vald til formann i det slovakiske parlamentet.[5] I 2015 vart han utnemnd til «Digital Champion» av Slovakia, ein posisjon utnemnd av EU for å promotera fordelane med eit inkluderande digitalt samfunn.[6]
Under statsminister Robert Fico vart Pellegrini visepremier for investeringar i 2016,[7] og vart teken i eid som regjeringsleiar etter at forgjengaren hans gjekk av den 15. mars 2018 i kjølvatnet av mordet på journalisten Ján Kuciak.[8] President Andrej Kiska godkjente regjeringa til Pellegrini den 21. mars 2018;[9] 81 medlemer av det slovakiske parlamentet røysta for å godkjenda kabinettet veka etter.[10]
Etter å ha vore ei kort tid som fungerande innanriksminister i april 2018, tok Pellegrini over rolla som finansminister då Peter Kažimír forlét embetet for å verta guvernør for Den slovakiske nasjonalbanken i 2019.[11]
Seinare, i desember 2019, vart han også fungerande helseminister etter at Andrea Kalavská gav seg.[12]
Den 25. oktober 2023 vart han attvald som formann i det slovakiske parlamentet med 131 røyster.[13]
Pellegrini kunngjorde sitt kandidatur som president i Slovakia den 19. januar 2024 etter stor støtte blant tilhengjarane hans,[14] partiet hans Hlas-SD og koalisjonspartiet Smer-SD.[15]
Den 23. mars 2024 kom han på andre plass i fyrste runde med 37,03 % med karriere-diplomat Ivan Korčok som vann med 42,52 % og pensjonist advokat og domar Štefan Harabin som tok tredjeplass med 11,74 %.[16]
Den 6. april 2024 vann han den andre runden med 53,12 % mot Ivan Korčok med 46,88 %.[17] Dagen etter valet, stadfesta Pellegrini at han ville gå av som leiar for Hlas-SD og gjeva frå seg medlemskapen sin i partiet for å heidra den uskrivne politiske tradisjonen om at presidenten skal vera ein ikkje-partisk embetsinnehavar.[18]
Pellegrini har italienske forfedre.[19] Hans farfar Leopoldo Pellegrini (1856–1942) kom til Austro-Ungarn for å taka del i bygginga av jernbanen mellom Levice og Zvolen.[20] I 2019 skildra han seg som ein ikkje-praktiserande Katolikk.[21]
Pellegrini er ein ungkar.[22][23] I eit intervju med tabloidet Plus 7 dní i 2020, vart Pellegrini spurt om han var homofil, noko han nekta. Denne hendinga førte til at redaktøren i magasinet gjekk av, som hevda at Pellegrini hadde blanda seg inn for å stansa spørsmålet frå å verta publisert.[24][25]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.