Pentlanditt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pentlanditt er eit bronsegult, metallisk mineral, eit jernnikkelsulfid, (FeNi)9S8, med kubisk symmetri. Det opptrer samanvekst med pyrrhotitt i førekomstar knytet til gabbromassiv, og er den viktigaste nikkelerts, og finst mellom anna i Sudbury i Ontario i Canada; Petsjenga i Russland og det var tidlegare drift på ei rekkje førekomstar i Noreg.
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
Pentlanditt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | jern-nikkelsulfid:(Fe,Ni)9S8 | ||
Strunz-klassifisering | 02.BB.15a | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Gulaktig bronse | ||
Krystallform | heksotaheder sjelden; massiv til korna | ||
Krystallsystem | Isometrisk | ||
Kløyv | fråverande - åttesidig deling | ||
Brot | Muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 3,5-4 | ||
Glans | metallisk | ||
Strekfarge | lys bronse-brun, grønaktig svart | ||
Spesifikk vekt | 4,6-5,0 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | ugjennomsiktig | ||
Smeltbarheit | 1,5-2 | ||
Andre eigenskapar | vert magnetisk ved oppvarming | ||
Kjelder | [1][2][3][4][5][6][7] |
Lukk
Mineralet vart først påvist og skildra frå Espedalen nikkelgruve under namnet jernnikkelkis av K. J. A. T. Scheerer i 1843. Det er kalla opp etter den irske naturforskaren Joseph Barclay Pentland (1797–1873).