Penélope Cruz Sánchez (fødd 28. april 1974) er ein spansk skodespelar. Cruz er den første spanske skodespelaren som har vorte nominert til Oscar for «beste kvinnelege hovudrolle» i Pedro Almodóvar-filmen Volver under den 79. Oscar-utdelinga. I 2009 vart ho igjen nominert til Oscar for birolla si i Vicky Cristina Barcelona, og denne gongen vann ho prisen.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Penélope Cruz |
|
|
Fødd | 28. april 1974 (50 år) |
---|
Fødestad | Alcobendas |
---|
Fødenamn | Penélope Cruz Sánchez |
---|
Aktive år | 1989– |
---|
Verka som | skodespelar, programleiar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, arrangementvert, stemmeskodespelar, fotograf, filmregissør |
---|
Mor | Encarna Sánchez |
---|
Far | Eduardo Cruz |
---|
Ektefelle | Javier Bardem |
---|
Prisar | Oscar for beste kvinnelige birolle, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, Goya-prisen for beste kvinnelige hovedrolle, Goya-prisen for beste kvinnelige hovedrolle, Goya-prisen for beste kvinnelige birolle, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, Medalla de Oro al mérito en las Bellas Artes, Donostia-prisen, European Film Award – Jameson People's Choice Award – Best Actress, European Film Award for Best Actress, Gaudí a la millor actriu secundària, Æres-César, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Volpi-pokalen for beste kvinnelige filmrolle, Ordre des Arts et des Lettres, BAFTA, Goya, César-prisen |
Lukk
I 2006 spelte Cruz ei av hovudrollene i den norskregisserte filmen Bandidas.
I 2008 spelte ho i musikalen Nine saman med Oscar-vinnarane Daniel Day-Lewis, Marion Cotillard, Nicole Kidman, Judi Dench og Sophia Loren med Oscar-nominerte Kate Hudson og Grammy Award-vinnaren «Fergie» i biroller. Filmen hadde premiere i november 2009.[1]
Cruz vart saman med Javier Bardem i 2007. Paret gifta seg på Bahamas hos ein ven i juli 2010 og fekk det første barnet sitt den 22. januar 2011.