Peloritani
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Peloritani (italiensk Monti Peloritani) er ei fjellkjede nordaust på Sicilia sør i Italia. Ho strekkjer seg 65 km frå Capo Peloro til Nebrodifjella. I nord grensar ho til Tyrrenhavet og i vest til Det joniske havet.
Dei høgaste toppane er Montagna Grande (1 374 m) og Rocca Novara (Salvatesta) (1 340 m). Fjellkjeda består av ei rekkje fjelltoppar med ei gjennomsnittleg høgd på 800–1000 m, med ryggar og raviner i mellom. Dei djupe ravinene inneheld mange elvar. Den mest vanlege bergarten her er magmatisk og metamorf bergart. I tillegg finn ein sandstein.
Av vegetasjon finn ein steineik, eik, korkeik, bøk, furu og kastanje, som ein gong danna store skogar, men om i dag er reduserte til spredte skogar på grunn av avskoging. Landskapet er derfor steppeliknande. Sidan 1950-åra er derimot fleire området vorte planta med furuskog.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.