Paul Keres
From Wikipedia, the free encyclopedia
Paul Keres (7. januar 1916–5. juni 1975) var ein estisk sjakkspelar, stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste spelarane som aldri vart verdsmeister i sjakk.
- Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
- Denne artikkelen brukar + for vinst, - for tap og = for remis i omtale av sjakkresultat.
Paul Keres | |
Statsborgarskap | Estland, Sovjetunionen, Tyskland |
Fødd | 7. januar 1916 Narva |
Død |
5. juni 1975 (59 år) |
Yrke | sjakkspelar, sjakkomponist, faglitterær forfattar |
Språk | russisk, estisk |
Medlem av | Student Society Liivika |
Paul Keres på Commons |
Keres var nær ved å få tvikamp om Verdsmeistertittelen i sjakk ved 5 høve. Han vann AVRO-turneringa i Nederland i 1938, og dette førte til forhandlingar om ein VM-kamp mot dåverande verdsmeister Alexander Alekhine, men denne kampen vart aldri noko av på grunn av den andre verdskrigen. Etter krigen vart han nummer 2 i Kandidatturneringa i sjakk i 4 påfølgjande høve.
På grunnlag av desse og andre sterke resultat, har mange kommentatorar rekna Keres for den sterkaste spelaren som aldri vart verdsmeister i sjakk. Han har blitt kalla «den evige toar» på grunn av dei 4 andreplassane i kandidatturneringa. Han vart også kalla «The Crown Prince of Chess», 'Kronprinsen av sjakk'.[1]