From Wikipedia, the free encyclopedia
Parsley, Sage, Rosemary and Thyme er det tredje studioalbumet til Simon & Garfunkel, utgjeve 10. oktober 1966 i USA på Columbia Records. Namnet kjem frå den andre linja i den første songen på albumet, «Scarborough Fair/Canticle», ein engelsk folkesong frå 1500-talet, i lag med ein motmelodi og tekst om ein soldat. Etter suksessen med debutsingelen, «The Sound of Silence», kom Simon & Garfunkel saman att etter å ha vore ei stund kvar for seg, medan Columbia gav ut det andre albumet deira, ei samling kalla Sounds of Silence. For det tredje albumet var duoen nesten tre månader i studio, og kunne for første gongen bruke tid både på instrumentering og produksjon.
Parsley, Sage, Rosemary and Thyme Studioalbum av Simon & Garfunkel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. oktober 1966 | |
Innspelt | Desember 1965–august 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 29:14 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Johnston | |
Simon & Garfunkel-kronologi | ||
---|---|---|
Sounds of Silence (1966) |
Parsley, Sage, Rosemary and Thyme | The Graduate (1968)
|
Singlar frå Parsley, Sage, Rosemary and Thyme | ||
|
Albumet bestod hovudsakleg av akustiske songar som hovudsakleg vart skrivne medan Paul Simon var i England året før, inkludert somme resirkulerte songar frå den første soloplata hans, The Paul Simon Songbook. Albumet inneheld den Garfunkel-leia «For Emily, Whenever I May Find Her», i tillegg til «7 O'Clock News/Silent Night», ein kombinasjon av ei nyhendemelding frå den tida (om Vietnamkrigen, borgarrettsrørsla, dødsfallet til komikaren Lenny Bruce), og julesongen «Silent Night».
Mange kritikarar reknar dette som eit gjennombrot for duoen og ei av dei beste platene deira. «Homeward Bound» hadde alt vore ein topp fem-hit i fleire land og «Scarborough Fair/Canticle» hadde gjort det nesten like bra. «Homeward Bound» vart ikkje gjeven ut på albumet i Storbritannia, fordi det alt var gjeven ut på det førre albumet deira, Sounds of Silence, der.
Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard Pop Album-lista og selde sidan til tredobbel platinaplate i USA.
I 2003 vart albumet rangert på 201. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[1]
Simon & Garfunkel fekk fire månader på seg til å spele inn albumet, som gjorde at duoen fekk stor kunstnarisk fridom.[2] Det førre albumet til bandet, Sounds of Silence, var eit «hastverksarbeid» som vart skapt for å utnytte suksessen til den første singelen deira, «The Sound of Silence».[3] Studiotida for Parsley gjorde at det kom til å koste langt meir enn det som var vanleg på den tida 30 000 USD.[4] Parsley var første gongen Simon insisterte på full kontroll i forhold til innspelinga.[3] Albumet var det første duoen spelte inn på ein åttesporsopptakar, som duoen overtyde Columbia Records om å få bruke. Vokalopptaka vart overdubba, sidan dei syntest det var vanskeleg å skilje røysta og gitaren til Simon godt nok.[4]
Det meste av Parsley vart spelt inn i løpet av ei veke i juni 1966, med ekstra lydspor lagt til ein dag i juli og to dagar i august.[2] To songar som tidlegare vart spelt inn i desember 1965 for Sounds of Silence vart lagt til albumet: «Homeward Bound» som opphavleg var gjeven ut som den andre singelen deira, men som ikkje kom med på den amerikanske utgåva av albumet. Den andre var «Flowers Never Bend with the Rainfall» som hadde vore B-sida til «I Am a Rock». Garfunkel rekna innspelinga av «Scarborough Fair» som augneblinken då duoen tok over rolla som produsentar, fordi dei konstant sat ved sida av Roy Halee då songen vart miksa.[5]
Parsley, Sage, Rosemary and Thyme er prega av store kontrastar frå song til song.[6] Simon fann det vanskeleg å skrive nye songar. Biografiforfattaren Peter Ames Carlin meinte at all marknadsføringa, med konsertar og intervju, gjorde at Simon var ukomfortabel. «Han trengde å gjere noko han var vant til», skreiv han. I tillegg påverka den brå heidringa både forholda hans og Simon personleg.[7] Mykje av albumet bestod av resirkulerte songar Simon hadde skrive medan han var i England i 1965.[8] Tre songar på albumet—«Patterns», «Flowers Never Bend with the Rainfall» og «A Simple Desultory Phillippic»—var tidllegare gjevne ut på soloplata til Simon, The Paul Simon Songbook («Canticle», den andre halvdelen av opningsballaden «Scarborough Fair», er òg henta frå ein annan song på den plata, «The Side of a Hill»).[9][10]
«7 O'Clock News/Silent Night» er ein lydcollage som bestod av duoen som song «Silent Night», medan det vert lese opp ei nyhendemelding.
Plateomslaget var fotografert av Bob Cato og syner Simon & Garfunkel i ein blomsterhage.
Etter å ha gjeve ut fleire singlar og heldt ei rekkje utselde konsertar, vart Parsley, Sage, Rosemary and Thyme gjeve ut på Columbia Records den 24. oktober 1966.[11] Duoen fortsette å halde konsertar på universiteta elleve dagar etter utgjevinga, og skapte eit image som vart skildra som «framandgjort», «rar» og «poetisk».[12] Manageren Mort Lewis var òg stort sett ansvarleg for dette offentlege synet, sidan han heldt dei borte frå fjernsynsframføringar (med mindre dei fekk spele eit uavbrote sett eller fekk velje setlista sjølv).[12]
Bruce Eder i AllMusic kalla albumet «det første meisterverket» til duoen, eit som rekna «ungdommeleg begeistring og framandgjering, som viste seg evig populær blant eldre, meir tankefulle studentar og legionar av publikum på tvers av generasjonar.»[13] Andy Fyfe i BBC Music skreiv i 2009 at han kjende at albumet var tidlaust og kalla dei «modigaste temaa like urovekkjande aktuelle i dag» og at heile albumet «synte at den sosiale uroa i midten av 1960-åra spelte ei viktig rolle i utviklinga av folkrock.»[14]
I 2003 kåra Rolling Stone albumet til det 202. beste på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[15] Radioprataren og forfattaren Pete Fornatale skreiv at «Få andre har kome nær til intelligensen, venleiken, variasjonen, kreativiteten og handverket som Parsley, Sage, Rosemary and Thyme fanga.»[16] Andrew Gilbert kalla i 1001 Albums You Must Hear Before You Die, albumet «det første store albumet deira. Det skapte ei kjensle av føreståande ulukke og den kjenslemessige koplinga Simon skapte gjer albumet til varig verk.»[3]
Alle songar er skrivne av Paul Simon, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Scarborough Fair/Canticle» | Tradisjonell, arr. av Simon, Art Garfunkel | 26. juli 1966 | 3:10 |
2. | «Patterns» | 8. juni 1966 | 2:42 | |
3. | «Cloudy» | Simon, Bruce Woodley | 10. juni 1966 | 2:10 |
4. | «Homeward Bound» | 14. desember 1965 | 2:30 | |
5. | «The Big Bright Green Pleasure Machine» | 15. juni 1966 | 2:44 | |
6. | «The 59th Street Bridge Song (Feelin' Groovy)» | 16. august 1966 | 1:43 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «The Dangling Conversation» | 21. juni 1966 | 2:37 | |
2. | «Flowers Never Bend with the Rainfall» | 22. desember 1965 | 2:10 | |
3. | «A Simple Desultory Philippic (Or How I Was Robert McNamara'd into Submission)» | 13. juni 1966 | 2:12 | |
4. | «For Emily, Whenever I May Find Her» | 22. august 1966 | 2:04 | |
5. | «A Poem on the Underground Wall» | 13. juni 1966 | 1:52 | |
6. | «7 O'Clock News/Silent Night» | Josef Mohr, Franz Gruber | 22. august 1966 | 2:01 |
Nr. | Tittel | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|
13. | «Patterns» (Demo i mono, ikkje tidlegare utgjeven) | 7. juni 1966 | 2:53 |
14. | «A Poem on the Underground Wall» (Demo i mono, ikkje tidlegare utgjeven) | 12. juni 1966 | 2:02 |
Simon & Garfunkel
Andre medverkande
Produksjon
Vekeslister
|
Salstrofé
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.