Paramusjir
From Wikipedia, the free encyclopedia
Paramusjir (russisk Парамушир) eller Paramushiro frå ainu for «brei øy») er ei øy i Russland i Kurilane. Ho er 100 km lang og i snitt om lag 20 km brei og har eit areal på 2053 km². Ho er den største øya i dei nordlege Kurilane og berre Iturup er større i heile øygruppa. Sjumsju er ei øy i nordaust og mellom dei ligg det 2,5 km smale sundet kalla Det andre Kurilsundet. Antsiferov ligg i søraust på andre sida av det 15 km breie Luzjinasundet. 20 km mot nordvest ligg Atlasov og Onekotan ligg i sør på andre sida av det 40 km breie sundet kalla Det fjerde Kurilsundet. Nordenden av øya ligg 39 km frå Kapp Lopatka på sørenden av Kamtsjatkahalvøya.
Paramusjir | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | nordre Kurilene | ||
Areal | 2 471 km² | ||
Folketal | 2 470 (2006) | ||
Paramusjir 50.383333333333°N 155.68333333333°E / 50.383333333333; 155.68333333333 | |||
Wikimedia Commons: Paramushir | |||
Paramusjir høyrer til distriktet Severo-Kurilskij i Sakhalin oblast. Severo-Kurilsk er det administrative senteret i distriktet og med 2500 innbyggjarar er han den einaste busetnaden på Paramusjir. Byen er òg den største på Kurilane, men Kurilsk på Iturup er nesten like stor. Andre landsbyar som ein gong låg langs kysten av Paramusjir er i dag hovudsakleg spøkelsesbyar. Dette kjem delvis av eit krakk i det lukrative sildefiske og delvis av den katastrofale tsunamien som råka Kamtsjatka i 1952 og som tok om lag 2300 liv.