Ainospråk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aino (på aino アイヌ イタク, aynu itak; japansk アイヌ語, ainu-go) er det tradisjonelle språket til ainoane på Hokkaido (Nordøya) i Japan. Språket vart tidlegare også brukt nord på Honshu og på Kurilane og sør på Sakhalin i noverande Russland.
Kjappe fakta
Aino アイヌ イタク, «aynu itak» | ||
Klassifisering | isolerte språk | |
Bruk | ||
Tala i | Japan | |
Område | Hokkaido | |
Ainotalande i alt | få | |
Rangering | ikkje blant dei 100 største | |
Skriftsystem | Katakana, det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Ainoar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | ain | |
Lukk
Aino er rekna som eit isolert språk, det vil seie eit slektskap med andre levande språk. Vi kan iblant sjå det gruppert i lag med dei paleosibiriske språka. Aino har mange ord til felles nivkhisk, men den mest utbreidde meininga er at dette skyldast opptak av lånord. Aino har også tatt opp mange lånord frå japansk. Tilsvarande har japansk tatt opp lånord frå aino. Den japanske lingvisten Shichiro Murayama har ut frå ordtilfang og kulturelle fellestrekk forsøkt å knyte aino til dei austronesiske språka.