Nivkhisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nivkhisk eller giljakisk er eit isolert språk som blir snakka i Russland.
Nivkhisk нивхгу | ||
Andre namn | giljakisk | |
Klassifisering | Isolert språk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Nivkhisktalande i alt | 198[1] | |
Skriftsystem | Det kyrilliske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | niv | |
Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 4652 medlemmer av den etniske gruppa som snakkar nivkhisk, men berre 198 menneske som snakka nivkhisk.[1] I 1989 var dei tilsvarande tala omkring 4673 medlemmer, men mindre enn ein firedel av desse hadde giljakisk som førstespråk.[2] Ei av dei viktigaste årsakene til dette er tvangsflytting av delar av folket, noko som har medført at mange har vorte isolert og dermed tek i bruk andre språk.
Nivkhisk er delt inn i fire dialektar, amur, nordsakhalinsk, sørsakhalinsk og austsakhalinsk. Skilnadene mellom amur og sakhalin er store.
Nivkhisk er eit SOV-språk. Det har høg grad av inkorporering, eit trekk det delar med eskimoisk-aleutiske språk.
Fremre | Bakre | ||
---|---|---|---|
urunda | runda | ||
Lukka | ɪ | u | |
Mid | ɪe | ɤ | o |
Open | æ |
Nivkhisk har også ein kompleks morfofonologi, t.d. vekslar lukkelydar med kontinuantar på suffiksgrensa.
Aspirert ↔ ustemt | Uaspirert ↔ stemt | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lukkelyd | pʰ | tʰ | cʰ | kʰ | qʰ | p | t | c | k | q |
Kontinuant | f | r̥ | s | x | χ | v | r | z | ɣ | ʁ |
Døme:
Sovjetisk og russisk statistikk[3] gjev følgjande tal for utviklinga av nivkhisk
Etniske nivkhar og prosentdel av dei nivkh-talande (tala i tabellen er for den sovjetiske perioden runda av til næraste hundre)
År | Etniske nivkhar |
Nivkhisk- talarar |
Prosent |
---|---|---|---|
1926 | 4.100 | 4.100 | 100 % |
1959 | 3.700 | 2.800 | 76 % |
1970 | 4.400 | 2.200 | 50 % |
1979 | 4.400 | 2.100 | 48 % |
1989 | 4.700 | 1.100 | 23 % |
2002 | 5.162 | 688 | 13 % |
2010 | 4.652 | 198 | 4,3 % |
Etter eit par forsøk på skriftfesting i 1880, fekk nivkhisk eit latinskbasert skriftspråk i 1931, i tråd med dåverande sovjetisk språkpolitikk. Det latinske alfabetet vart erstatta med kyrillisk i 1937[4].
А а | Б б | В в | Г г | Ӷ ӷ | Ғ ғ | Ӻ ӻ | Д д |
Е е | Ё ё | Ж ж | З з | И и | Й й | К к | К’ к’ |
Ӄ ӄ | Ӄ’ ӄ’ | Л л | М м | Н н | Ӈ ӈ | О о | П п |
П’ п’ | Р р | Р̌ р̌ | С с | Т т | Т’ т’ | У у | Ў ў |
Ф ф | Х х | Ӽ ӽ | Ӿ ӿ | Ц ц | Ч ч | Ч’ ч’ | Ш ш |
Щ щ | ъ | Ы ы | ь | Э э | Ю ю | Я я |
I den nivkhiske amur-dialekta finst også bokstavane Ӷ ӷ, Ў ў, Ч’ ч’.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.