Oval
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein oval (frå latin ovum, ‘egg’) er ein avlang, rund figur[1] forma som eit egg eller ein ellipse. Ovalen kan vere todimensjonal eller tredimensjonal. Til skilnad frå kurver i matematikken er ikkje ein oval veldefinert, og kan ikkje nødvendigvis teiknast ved hjelp av formlar.
Det som kjenneteiknar todimensjonale ovalar, er at dei har jamne,[n 1] konvekse kurver og er symmetriske om minst ein akse. Tredimensjonale ovalar kan uttrykkast som lekamar danna ved rotasjon av ein todimensjonal oval om (den lengste) symmetriaksen.