Osterøy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Osterøy er ei innlandsøy som ligg like nordaust for Bergen i Vestland. Øya er omringa av Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. Osterøy er den største av øyene i Noreg som ikkje vender direkte ut mot havet, og har eit totalt areal på 330,16 km².[1] Osterøy er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal, der Vaksdal kommune dekkjer ein del nordaust på øya.
- Sjå òg Osterøy kommune.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Osterøy | |
---|---|
Haus på Osterøy | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Nordhordland |
Koordinatar | 60°32′N 05°34′E
|
Areal | 328 km²
|
Høgaste punkt | Høgafjellet (869 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Valestrandfossen (1374 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 8200 (2023) |
Folketettleik | 25 /km² |
Lukk
Det bur om lag 8200 menneske (2023) på Osterøy. Det høgste fjellet er Høgafjellet som strekkjer seg 870 moh., medan Brøknipa (822 moh.) er det nest høgste.