iransk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Ossetisk er eit iransk språk som blir tala i Ossetia, eit område i fjella på grensa mellom Russland og Georgia. Språket har kring 550 000 brukarar, om lag 451 000 i Russland, hovudsakleg i Nord-Ossetia[2] og rundt 100 000 i Sør-Ossetia i Georgia. Det er skule- og administrasjonsspråk i Nord- og Sør-Ossetia.
Ossetisk Ирон ӕвзаг Iron ævzag | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Iransk Austiransk Nordaustiransk Ossetisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland Georgia Tyrkia | |
Ossetisktalande i alt | 526 453[1] | |
Skriftsystem | Det kyrilliske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | os | |
ISO 639-2 | oss | |
ISO 639-3 | oss | |
Wikipedia på ossetisk |
Ossetisk høyrer til den nordaustlege greina av dei iranske språka. Det stammar frå ein av de mange iranske dialektane som blei tala i Sør-Russland i oldtida og tidleg mellomalder.
Dei to hovuddialektene er den austlege ironske, som har flest talarar, og den vestlege digorske. Skriftspråket byggjer på ironsk og blir skrive med det kyrilliske alfabetet. Dette alfabetet blei tilpassa ossetisk av språkforskaren Andreas Sjögren i 1844, med ulike representasjonar av kvar språklyd med bokstavar og diakritiske teikn. Etter eit kortvarig forsøk med latinske bokstavar gjekk dei sovjetiske styresmakten tilbake til dette alfabetet i 1936, med digrafar i staden for dei fleste diakritiske teikna. I Sør-Ossetia blei det georgiske alfabetet teke i bruk, noko som førte til folkeleg oppstand i 1951 og avskaffing i 1954.
Ossetisk har ein rikhaldig folkloristisk tradisjon, noko av han med røter til den iranske oldtida. Det voks fram ein kristen litteratur frå byrjinga av 1800-talet. Den litterære aktiviteten voks også etter oktoberrevolusjonen i 1917. Kosta Khetagurov (1859–1906) er rekna som far til den nasjonale litteraturen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.