From Wikipedia, the free encyclopedia
Oskar Omdal (fødd 11. oktober 1895 i Kristiansand, daud 25. desember 1927) var ein norsk flygar i Marinens flyvåpen.
Oskar Omdal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. oktober 1895 Kristiansand kommune |
Død |
25. desember 1927 (32 år) |
Yrke | flygar, mekanikar, offiser, polfarer, filmregissør |
Oskar Omdal på Commons |
Omdal vart utdanna ved Marinens flyvåpen i 1919 og vart løytnant tre år seinare.
I 1925 var Omdal med som mekanikar på Roald Amundsen si reise til Nordpolen med fly. Den 21. mai 1925 starta dei med to flybåtar frå Ny-Ålesund. På «N–25» var Hjalmar Riiser-Larsen flygar, Roald Amundsen navigatør, og Karl Feucht mekanikar. På «N–24» var Leif Dietrichson flygar, Lincoln Ellsworth navigatør og Oskar Omdal mekanikar. Dei landa på 87° 44' nord (25 mil frå Nordpolen) og hadde store vanskar med å koma i lufta igjen. «N–24» var skadd og måtte etterlatast. Først 15. juni hadde dei fått laga ein provisorisk startbane på 500 meter på isen der, dei makta å ta av med «N–25» med alle seks om bord.[1] Dei landa same dag i Brennevinsfjorden på Nordaustlandet.[2] Selfangstskuta «Sjøliv» frå Balsfjord var i området og redda Amundsen og følgjet hans tilbake til Ny-Ålesund.[3]
Omdal omkom saman med Frances Wilson Grayson og Brice Goldsborough som hadde hyra Omdal for ei atlanterhavsflyging frå Curtis Field i New York til Harbor Grace i Newfoundland, der dei skulle førebu ei kryssing av Atlanterhavet.
Oscar Omdals gate i Stavanger og Oscar Omdals terrasse i Hamresanden i Kristiansand er oppkalla etter han.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.