fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Oseansvalefamilien er ein biologisk familie av pelagiske sjøfuglar som er medlemmer av ordenen stormfuglar.[1] I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.[2]
Oseansvalefamilien | |
Oseanstormsvale Oceanites oceanicus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Oseansvalefamilien Oceanitidae |
Maoristormsvala representerer eit gjennomsnitt i storleik for artane i oseansvalefamilien med kroppslengd på 17 centimeter og 35 gram i vekt. Det er berre mindre variasjonar blant artane, dansestormsvale og oseanstormsvale ligg i nedst på skalaen med kroppslengd frå 15 cm, kvitstrupestormsvale er lengst med 24-26 cm.
Samanlikna med artane i stormsvalefamilien, er oseansvalene kortvenga, men har relativt lengre bein som i flukta stikk tydelig bak haletuppen. Ingen i denne familien har kraftig kløfta hale som i stormsvalefamilien, halen har i regelen rett kant, men to artar kan likevel ha svakt kløfta hale.[4]
Fleire artar har varierande fjørdrakt, med mørke og lysare populasjonar og einskildindivid. Fregattstormsvale har mykje grått på rygg og overgump, kvitstrupestormsvale saman med fregattstormsvale syner lyse, nesten kvite vengeband på dekkfjører, og i stor grad lys underside, men avvikande, mørke morfar av kvitstrupestormsvaler kan være heilt mørke.[4]
Dei øvrige artane i familien har fjørdrakt med i regelen mørk overside, kvit overgump og med varierande mengd kvitt på undersida og under vengen. Oseanstormsvala har kvit gump, men er elles mykje mørk.
Artane i denne familien hekkar og lever generelt sør for ekvator, fregattstormsvale er eit unnatak sidan ho òg hekkar på øyar i Nord-Atlanteren.
Fleire artar i denne familien er trua av menneskeleg aktivitet.[5] Av 9 nolevande artar er 5 klassifiserte som livskraftige, LC, maoristormsvala er kritisk trua og kvitstrupestormsvale er oppført som sterkt trua. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data», DD.
Oseansvaler står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Introduserte rovdyr som villkattar er årsak til nedgang. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.
Oseansvalefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
Slekt | Artsnamn | Vitskapleg namn | Status | Populasjon | Årstal | Trend | Hekkeplass | Ref |
Oceanites | ||||||||
Oseanstormsvale | Oceanites oceanicus | LC | 12-30 mill | 2004 | stabil | frå Cape Horn i Chile til Kerguelen-øyane òg kysten av Antarktis | [8] | |
Dansestormsvale | Oceanites gracilis | DD | 30 000 | 2004 | ukjent | ukjent, men antatt på små øyar frå nordlege Chile til Galápagosøyane | [9] | |
Pincoyastormsvale | Oceanites pincoyae | DD | 3000 | 2013 | ukjent | Chile | [10] | |
Garrodia | ||||||||
Gråryggstormsvale | Garrodia nereis | LC | 200 000 | 2004 | minkande | øyar i sørlege hav frå Falklandsøyane austover til Chatham-øyane, New Zealand | [11] | |
Pelagodroma | ||||||||
Fregattstormsvale | Pelagodroma marina | LC | 4 000 000 | 2004 | minkande | øyar i Sør-Atlanteren, som Tristan da Cunha, kysten av Australia og New Zealand, i Nord-Atlanteren: Cape Verde, Kanariøyane og Selvagensøyane | [12] | |
Fregetta | ||||||||
Kvitbukstormsvale | Fregetta grallaria | LC | 300 000 | 2004 | minkande | øyar på den sørlege halvkula | [13] | |
Svartbukstormsvale | Fregetta tropica | LC | 500 000 | 2004 | minkande | øyar på den sørlege halvkula | [14] | |
Maoristormsvale | Fregetta maorianus | CR | < 50 | 2004 | ukjent | ukjent, (New Zealand) | [15] | |
Nesofregetta | ||||||||
Kvitstrupestormsvale | Nesofregetta fuliginosa | EN | 1500-2400 | 2004 | minkande | øyar i Stillehavet: Kiribati, Fransk polynesia, Ny-Caledonia | [16] |
Kolonnar i tabellen over:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.