Ordspel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ordspel er eit språkleg humoristisk eller retorisk verkemiddel som gjev bruk av ord med lik eller liknande utforming og ulike tydingar.[1][2] Innan retorikk har ordspel nemninga paronomasia.[3][4] Ordspel kan byggja på homofonar, homografar, metonym eller biletleg språk.
Ordspel går langt tilbake i tid. Den romerske dramatikaren Plautus var kjend for sine mange ordspel.[5][6] William Shakespeare nytta flittig ordspel, med rundt 3000 av dei i verka sine.[7] Dei blir også mykje nytta i slang.[8]
Nokre kjende ordspel er frå pave Gregor I, som på 500-talet skal ha sagt Non Angli, sed angeli (‘ikkje anglarar, men englar’), eller meldinga sir Charles Napier skal ha sendt etter at han erobra Sind: Peccavi, latin for 'eg har synda' eller på engelsk I have sinned.[7]