![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/db/Orcombe_Point_Geoneedle.jpg/640px-Orcombe_Point_Geoneedle.jpg&w=640&q=50)
Orcombe Point
From Wikipedia, the free encyclopedia
Orcombe Point er eit nes nær Exmouth i Devon i England.[1] Neset markerer det vestlege endepunktet for Jurassic Coast[2], som er ein verdsarvstad. Punktet er markert med ei «Geonål» som vart avduka av prins Charles av Wales i 2002 under innviinga av verdsarvstaden.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/db/Orcombe_Point_Geoneedle.jpg/320px-Orcombe_Point_Geoneedle.jpg)
Geonåla står høgt på Orcombe Point og er bygd av forskjellige bergartar, alle dei viktigaste bergartane ein finn langs Jurassic Coast.
Når ein vandrar ned til Orcombe Point kan ein sjå fleire lag med forskjellige sedimentære bergartar, som vart lagt ned under forskjellige geologiske tilhøve. Nedst kan ein sjå sandstein og lenger oppe bergartar som er lagt ned i rolegare farvatn (siltstein og leirstein).