Operaen Boris Godunov
opera av Modest Mussorgskij / From Wikipedia, the free encyclopedia
Boris Godunov er ein opera av Modest Musorgskij. Han var den einaste operaen Musorgskij fullførte, og er rekna som meisterverket hans.[1][2] Verket tek for seg konflikten mellom Boris Godunov, som var tsar frå 1598 til 1605, og rivalen hans falske Dmitrij (herska frå 1605 til 1606). Den russiske librettoen blei skriven av komponisten, og bygde på Aleksandr Pusjkin sitt drama frå 1825, Boris Godunov. Den reviderte versjonen frå 1872 bygde òg på Nikolaj Karamzin si 'Historia til den russiske staten' og Ivan Tsjudjakov si 'Mellomalderens Russland' (1867).
Boris Godunov | |
---|---|
Originaltittel | Борис Годунов |
Musikk | Modest Musorgskij |
Premiere | 27. januar 1874 |
Premierestad | Mariinskij-teateret |
Musorgskij skreiv første versjon i åra 1868–1870. Versjonen, som var på fire atter og sju scener, blei forkasta av teaterleiinga i St. Petersburg. På bakgrunn av den uvanlege ekspressiviteten til musikken, ein nymotens «klumpa» instrumentering og fråvere av musikalsk form, rekna dei den som amatørmessig. Dei etterlyste òg ei leiande kvinnerolle.
I 1872 gjorde Musorgskij ferdig den versjonen som er mest kjent. Dei største endringane er ein prolog og tre nye scener som gav rom for rolla Marina Mniszech. Denne versjonen blei uroppført 27. januar etter juliansk tidsrekning (8. februar etter gregorinaks tidsrekning) 1874 i Mariinskij-teateret i St. Petersburg. Etter 25 framføringar han teken av plakaten, av openberre politiske grunnar.