From Wikipedia, the free encyclopedia
Open Vlaamse Liberalen en Democraten (Open VLD, norsk «Opne flamske liberale og demokratar») er eit flamsk liberalt politisk parti.
Open Vlaamse Liberalen en Democraten | |||
| |||
Skipa | 2007 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Brussel | ||
Leiar | Gwendolyn Rutten, Egbert Lachaert, Tom Ongena | ||
Ideologi | konservativ liberalisme, proeuropeisk | ||
Medlemmer | 63 239 | ||
Nettstad | http://www.openvld.be |
Partiet la til Open i namnet sitt i 2007 etter samanslåinga med Vivant og Liberaal Appèl. Før det var partiet berre kjent under namnet Vlaamse Liberalen en Democraten (VLD), og før 1992 som Partij voor Vrijheid en Vooruitgang (PVV).[1]
Partiet vart danna i 1970 etter at det dåverande belgiske liberale partiet vart delt i to: eit flamsk og eit franskspråkleg parti, Mouvement Réformateur. Fram til då hadde dei liberale kjempa for ei einingsstat.
På tidleg 1990-talet var VLD eit ideologisk frimarknadsparti, men som seinare har bevegt seg mot sentrum. Partiet har vore sterkt konsentrert rundt Guy Verhofstadt, som var partileiar i tre periodar og statsminister i ni år. Partiet er òg representert som ein av dei største nasjonale gruppene innanfor Alliansen av liberale og demokratar for Europa.
Ved det belgiske valet i 2007 danna VLD ein valallianse med dei andre liberale partia Vivant og Liberaal Appèl, dette vart i ettertid eit formelt samla parti.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.