norsk konge 1067–1093 From Wikipedia, the free encyclopedia
Olav III Haraldsson (1050–22. september 1093) var konge av Noreg frå 1067 til 1093, og var son av kong Harald III Hardråde. Olav III Haraldsson vert ofte omtala som Olav Kyrre.[1] Tilnamnet «Kyrre» tyder «den fredsame» eller «den stille».
Olav III | |||
| |||
Konge av Noreg | |||
Regjeringstid | 1067–1093 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 1050 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Død | 22. september 1093 | ||
Dødsstad | Ranrike | ||
Gravstad | Nidarosdomen | ||
Gift med | Ingrid Svendsdatter | ||
Dynasti | Hardrådeætta | ||
Far | Harald III av Noreg | ||
Mor | Tora Torbergsdotter | ||
Born | Magnus III av Noreg |
Han var med i hæren til Harald Hardråde då han reiste til England, men han var ikkje med i slaget ved Stamford bru i 1066. Då han året etter kom heim til Noreg, vart han innsett som konge saman med broren sin, Magnus II Haraldsson. Magnus døydde allereie i 1069, og Olav vart då konge åleine.
Olav Kyrre skal ha grunnlagt Bergen by i 1070. Olav Kyrre sin einaste son, Magnus III Olavsson Berrføtt, tok over som konge då faren døydde i 1093 i Håkeby, Tanum. Gravlagd i Nidaros.
Soger om Olav Kyrre og andre norske kongar er nedskrivne av islendingen Snorre Sturlason i Heimskringla.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.