From Wikipedia, the free encyclopedia
ONS (Offshore Northern Seas) er ei norsk non-profit stifting som er ein av dei største møteplassane i verda for den internasjonale energibransjen. Arrangementet ONS, som vert arrangert av Stiftinga ONS, vert halde i august annakvart år i Stavanger i Noreg. Arrangementet inneber ein konferanse og omtrent 1000 utstillings- og informasjonsstandar frå dei ulike deltakande selskapa og ein konsert. Frå og med 2022 har ONS òg byrja med å arrangera eit større debattprogram og nettverksarrangement i Stavanger sentrum. ONS har om lag 65 000 vitjande frå over 100 ulike land.[1]
Offshore Northern Seas | |||
Org.form | Stiftelse | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 969939851 | ||
Skipa | 4. februar 1981 | ||
Hovudkontor | Stavanger kommune | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://ons.no (engelsk) |
ONS er ein viktig møteplass der lokale og internasjonale energi-, teknologi- og industriselskap møtast, i tillegg kjem norske og utanlandske toppleiarar og akademikarar på vitjing. Som ein del av ONS Young vert òg vidaregåande elevar og studentar invitert.[2][3][4]
Etter at Noreg fann olje og gass i Nordsjøen på byrjinga av 70-talet, vaks det fram eit behov for ein møteplass for selskapa i den nye industrien for å danna nye samarbeid og innovasjon. ONS vart stifta av Stavanger kommune, Statoil, Stavanger Forum og Norsk Petroleumsforening i 1974. Same år vart det fyrste ONS-arrangementet halde.
I byringa var ONS hovudsakleg retta mot selskap som opererte i Nordsjøen. Etter kvart utvida bransjen produksjonen til andre område av den norske kontinentalsokkelen og i andre land elles, dette resulterte i at ONS byrja å taka føre seg nye problemstillingar som omfatta den internasjonale energibransjen.
Sidan 2010 har ONS teke ei retning mot ein brei energimarknad, og dei nyare arrangementa skal fremja fornybar energi og berekraft.[5] ONS arrangerer ei rekkje møteplassar og arrangement over heile verda, ofte i partnarskap med andre selskap og organisasjonar.
Sidan det aller fyrste ONS-arrangementet i 1974 har kong Harald V, fyrst som kronprins og sidan som konge, vore den beskyttar til ONS. Vernarskapet vert forlengt kvart femte år, og vart forlengt med fem år i 2020.[6][7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.