Oseansvalefamilien er ein biologisk familie av pelagiske sjøfuglar som er medlemmer av ordenen stormfuglar.[1] I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.[2]

Kjappe fakta
Oseansvalefamilien
Thumb
Oseanstormsvale Oceanites oceanicus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Oseansvalefamilien Oceanitidae
Lukk

Skildring

Thumb
Maoristormsvala var trudd å vere utdøydd etter 1850, men attfunnen i år 2003. Hekkestader for arten var ukjente fram til i 2013 då det vart lokalisert hekking på Hauturu/Little Barrier Island utanfor Auckland, New Zealand[3]
Sjå òg artikkelen om stormsvaler for utfyllande skildring av morfologi, levevis og leveområde

Maoristormsvala representerer eit gjennomsnitt i storleik for artane i oseansvalefamilien med kroppslengd på 17 centimeter og 35 gram i vekt. Det er berre mindre variasjonar blant artane, dansestormsvale og oseanstormsvale ligg i nedst på skalaen med kroppslengd frå 15 cm, kvitstrupestormsvale er lengst med 24-26 cm.

Samanlikna med artane i stormsvalefamilien, er oseansvalene kortvenga, men har relativt lengre bein som i flukta stikk tydelig bak haletuppen. Ingen i denne familien har kraftig kløfta hale som i stormsvalefamilien, halen har i regelen rett kant, men to artar kan likevel ha svakt kløfta hale.[4]

Fjørdraktfarger

Fleire artar har varierande fjørdrakt, med mørke og lysare populasjonar og einskildindivid. Fregattstormsvale har mykje grått på rygg og overgump, kvitstrupestormsvale saman med fregattstormsvale syner lyse, nesten kvite vengeband på dekkfjører, og i stor grad lys underside, men avvikande, mørke morfar av kvitstrupestormsvaler kan være heilt mørke.[4]

Dei øvrige artane i familien har fjørdrakt med i regelen mørk overside, kvit overgump og med varierande mengd kvitt på undersida og under vengen. Oseanstormsvala har kvit gump, men er elles mykje mørk.

Utbreiing

Artane i denne familien hekkar og lever generelt sør for ekvator, fregattstormsvale er eit unnatak sidan ho òg hekkar på øyar i Nord-Atlanteren.

Truslar og vern

Fleire artar i denne familien er trua av menneskeleg aktivitet.[5] Av 9 nolevande artar er 5 klassifiserte som livskraftige, LC, maoristormsvala er kritisk trua og kvitstrupestormsvale er oppført som sterkt trua. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data», DD.

Oseansvaler står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Introduserte rovdyr som villkattar er årsak til nedgang. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.

Oversyn artar, status og hekkelokalitetar

Oseansvalefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Slekt Artsnamn Vitskapleg namn Status Populasjon Årstal Trend Hekkeplass Ref
Oceanites
OseanstormsvaleOceanites oceanicusLC12-30 mill2004stabilfrå Cape Horn i Chile til Kerguelen-øyane òg kysten av Antarktis[8]
DansestormsvaleOceanites gracilisDD30 0002004ukjentukjent, men antatt på små øyar frå nordlege Chile til Galápagosøyane[9]
PincoyastormsvaleOceanites pincoyaeDD30002013ukjentChile[10]
Garrodia
GråryggstormsvaleGarrodia nereisLC200 0002004minkandeøyar i sørlege hav frå Falklandsøyane austover til Chatham-øyane, New Zealand[11]
Pelagodroma
FregattstormsvalePelagodroma marinaLC4 000 0002004minkandeøyar i Sør-Atlanteren, som Tristan da Cunha, kysten av Australia og New Zealand, i Nord-Atlanteren: Cape Verde, Kanariøyane og Selvagensøyane[12]
Fregetta
KvitbukstormsvaleFregetta grallariaLC300 0002004minkandeøyar på den sørlege halvkula[13]
SvartbukstormsvaleFregetta tropicaLC500 0002004minkandeøyar på den sørlege halvkula[14]
MaoristormsvaleFregetta maorianusCR< 502004ukjentukjent, (New Zealand)[15]
Nesofregetta
KvitstrupestormsvaleNesofregetta fuliginosaEN1500-24002004minkandeøyar i Stillehavet: Kiribati, Fransk polynesia, Ny-Caledonia[16]

Kolonnar i tabellen over:

Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN
Populasjon er estimert storleik på bestand av individ, inkludert ungfuglar
Ref er peikar til faktaark om arten hos Birdlife International

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.