![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b5/6241_Mandraki.jpg/640px-6241_Mandraki.jpg&w=640&q=50)
Nísyros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nísyros (gresk Νίσυρος), stundom òg kalla Nissiros, er ei vulkansk øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg mellom øyane Kos og Tílos.
Nísyros Lokalt namn Νίσυρος | |
---|---|
![]() Mandráki på Nísyros | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36.586°N 27.160°E / 36.586; 27.160 |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 50,1 km²
|
Høgaste punkt | Nísyros (698 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kos |
Største busetnad | Mandráki (784 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 1 048 (2021[1]) |
Folketettleik | 20,9 /km² |
Nísyros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Øya er nesten sirkulær med ein diameter på 8 km og eit areal på 41,6 km². Fleire andre småøyar ligg like i nærleiken av Nísyros, og den største av desse er Jyalí.
Øya har eit fjellkledd indre og i midten ligg fleire vulkankrater. Kysten er stort sett kledd med stein og grus, men ein finn òg eit par sandstrender her (hovudsakleg i nordaust).
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a3/Nisyros.jpg/640px-Nisyros.jpg)
Vulkanen er for tida aktiv, men ikkje i utbrot, og ein har funne fumarole ved kratera. Det siste utbrotet var ein dampeksplosjon i 1888, etter små oskeutbrot i 1871 og 1873. I tillegg er det vanleg med jordskjelv. Ein seismisk aktiv periode i 1996-1997 førte eit internasjonalt lag av forskarar til å overvake vulkanen som ein del av Geowarnprosjektet. Heile vulkankomplekset inkluderer sjøbotn mellom Nísyros og Kos, øya Jyalí og delar av Kos.
Hovudbyen og hamna på øya er Mandráki, og av andre landsbyar finn ein Páli, Nikía, Emboriós og Loutrá. Etter ei folketeljing i 2011 hadde øya 1 008 innbyggjarar, men om sommaren aukar dette talet kraftig på grunn av turisme og utflytta nisyriarar som kjem tilbake på ferie. Turismen er derimot ikkje så utvikla som på andre greske øyar. Førekomst av perlitt og pimpestein på Jyalí utgjer ein stor del av næringa for øya.
Ein kan nå øya med skip frå Pireus og Kos, og om sommaren er det fleire turar dagleg frå landsbyen Kardámena på Kos. Ho har òg ein helikopterlufthamn.
Eit produkt frå Nísyros er soumada, ein alkoholfri drykk med smak av mandel.
Vernehelgenen til øya er Sankt Nikitas og ein finn mange ortodokse kyrkjer på øya, i tillegg til fire kloster som ikkje lenger er i bruk av munkar. Det største klosteret er Panajía Spilianí i Mandráki. Det vart bygd ved sida av mellomalderborga reist av Maltesarordenen, som erobra øya i 1315.