From Wikipedia, the free encyclopedia
North Shields (lokalt ofte berre kalla Shields) er ein by på den nordlege breidda av elva Tyne i distriktet North Tyneside i Tyne and Wear i Nordaust-England. Byen ligg 13 km austom Newcastle upon Tyne. Han grensar til Whitley Bay i nord og landsbyen Tynemouth i aust, medan South Shields ligg på andre sida av elva.
North Shields | ||
---|---|---|
Ferjekaien ved North Shields | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Tyne and Wear | |
Distrikt | North Tyneside | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
10 652 | |
Koordinatar | 55°1′N 1°27′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NE29, NE30 | |
Telefon-retningsnummer | 0 191 | |
Bynamnet kjem frå det mellomengelske ordet schele, som tyder «mellombels skjul»,[1] eller kanskje helst på norsk «rorbuer», og området er enno identifisert med fiskerirelatert og andre havrelaterte verksemder.
North Shields har ferjesamband med South Shields. Byen har også ein internasjonal ferjeterminal med samband til Nederland. Fram til 2006 gjekk det passasjerferjer til Göteborg i Sverige og fram til 2008 ferjer til Stavanger, Haugesund og Bergen herfrå.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.