Norsk raudt fe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Norsk raudt fe (NRF) er den mest utbreidde storferasen i Noreg, og vert nytta både til kjøt- og mjølkeproduksjon. Rasen har vekt internasjonal interesse på grunn av gode genetiske eigenskapar. Det finst ca. 280 000 kyr av denne rasen i Noreg.[1]
Norsk raudt fe kan vere svarte, svart-kvite, raude eller raud-kvite.[2] NRF er ein høgtytande kurase, og mjølker tre gonger så mykje som den norske gjennomsnittskua på 1930-talet.[3]