Norsk Målungdom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Norsk Målungdom (NMU) er ein norsk ungdomsorganisasjon som kjempar for å verje og fremje det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Organisasjonen blei skipa i 1961, og heitte då Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Dette namnet reflekterte organisasjonsstrukturen på 60- og 70-talet, då Norsk Målungdom for det meste var utgjord av såkalla student- og elevmållag ved gymnas, høgskular og universitet. I 1972 byte organisasjonen namn til Norsk Målungdom (NMU). Norsk Målungdom har i dag om lag 1.300 medlemmer; av desse er kring 1.000 betalande medlemmer under 26 år. Norsk Målungdom er dotterorganisasjonen til Noregs Mållag, og samarbeidet mellom dei to organisasjonane er regulert gjennom ein samarbeidsavtale som dei fyrst inngjekk i 1969. Samarbeidsavtalen som er no er frå 2013.
Norsk Målungdom | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 959358451 | ||
Skipa | 25. juli 1961 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Nettstad | https://malungdom.no/ ![]() |
Under Landsmøtet til organisasjonen i 2017, gjekk Synnøve Marie Sætre av som leiar, til fordel for Fredrik Hope.