Norrønt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Norrønt eller vestnordisk (tidlegare oldnordisk) er språket som vart brukt i Noreg, på Island og dei andre norrøne busetjingane i Nordsjøområdet i tida frå om lag 700 til om lag midten på 1300-talet.
Namnet oldnordisk kjem av at ein ei tid tenkte at norrønt var opphavet til alle dei nordiske språka. Dette fann ein seinare ut ikkje var tilfellet då opphavsspråket er urnordisk. Norrønt er den vestnordiske greina av urnordisk, det som seinare vart norsk, færøysk, islandsk og norn. Den andre greina, austnordisk, er opphavet til svensk og dansk.
Det var ikkje noko klart skilje mellom aust- og vestnordisk, og fram til 1200-talet såg ein på dei som det same språket; dansk eller dǫnsk tunga. Dei som snakka dette språket kunne òg lett samtala med talarar av andre germanske språk, som gammalengelsk, gammalsaksisk og andre nedertyske språk.