Nordmøring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmøre, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, kjønnsdelde adjektiv, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970). Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmøre er tjukk l av historisk rð (berre ytre Nordmøre), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis bevarte som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lengjing av konsonanten dei fleste stadene; og mest lengjing av vokalen i sunndalsdialekten).
- Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå Nordmøringar.