Grønland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Grønland (grønlandsk: Kalaallit Nunaat) er den største øya i verda med ei flatevidd på 2.176.000 km². Grønland er underlagt Danmark men har sjølvstyre. Hovudstaden er Nuuk. Om lag 84 % av øya er dekt av is. Øya var dansk koloni fram til 1953. I mellomalderen var det norrøn busetjing på Grønland. Øya var eit norsk skattland frå 1262, og fylgde med Noreg inn i unionen med Danmark. Før 1814 var Grønland formelt ein norsk kronkoloni, men blei verande under dansk styre då Noreg gjekk tapt for den danske kongen i 1814.
Det grønlandske flagget | Riksvåpen |
Status | Del av det danske riksfellesskap med heimestyre |
---|---|
Landsstyreformann | Kim Kielsen |
Hovudstad | Nuuk |
Offisielt språk | Grønlandsk, dansk |
Areal - % vatn |
2 166 086 km² 81,1 % (inkludert is) |
Folketal - totalt |
ca. 56 901 (2006) |
Verdsdel | Nord-Amerika |
Internet-domene | .gl |
Tidssone | UTC 0, +1, +3, +4 |
Internasjonal telefonkode | +299 |
Nasjonalsong | Nunarput utoqqarsuanngoravit |
Kring år 1000 grunnla Eirik Raude norrøn busetting på Grønland. Eirik Raude skal ha opphavet sitt på Jæren. Den norrøne busetnaden på Grønland døydde gradvis ut, og på 1400-talet var det truleg ingen igjen. Ingen veit sikkert kva som hende med dei norrøne bygdene.