Nord-Aurdal er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nordaust til Gausdal og Nordre-Land, i aust til Etnedal, i søraust til Sør-Aurdal, i sørvest til Gol, i vest til Hemsedal, og i nordvest til Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Nord-Aurdal kommune
kommune
Thumb
Utsyn over Strandefjorden, med Fagernes til høgre
Thumb
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Fagernes
Areal 907 km²
   land 853 km²
   vatn 54 km²
Folketal 6 562  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Knut Arne Fjelltun[1] (Sp)
Kommunenr. 3451
Thumb
Nord-Aurdal kommune
60.959722222222°N 9.2641666666667°E / 60.959722222222; 9.2641666666667
Thumb
Wikimedia Commons: Nord-Aurdal
Nettstad: www.nord-aurdal.kommune.no
Lukk

Kommunen ligg i Valdres i det sentrale Sør-Noreg, mellom Hallingdal, Gudbrandsdalen og Land.

Thumb
Snøsøte, som er stilisert avbilda på kommunevåpenet

Folkesetnad

Om lag halvparten av nord-aurdølane bur i tettstadene Fagernes (1767 inb.), Leira (792 inb.) og Aurdal (718 inb.).

Mål

Det tradisjonelle målføret i kommunen er valdresmål. Målform i kyrkje og skule skiftar mellom dei ulike bygdene.

Geografi

Dei største innsjøane er Tisleifjorden, Ølsjøen, Strondafjorden (delt med Vestre Slidre), Aurdalsfjorden og Steinsetfjorden (delt med Etnedal). Elva Tisleia kjem frå Tisleifjorden og renn inn i Ølsjøen, mens ut or denne renn Åbjøra (regulert) til Aurdalsfjorden.

Valdres dannar kjeldene til Begnavassdraget, og elva Begna renn gjennom store delar av dalen. Den fører hovuddelen av tilsiget til Strondafjorden og har utlaup frå den og til Aurdalsfjorden. Derifrå renn elva søraustover til Sperillen.

Høgaste punkt i kommunen er Djuptjernkampen med ei høgd på 1325 meter over havet. Om lag 50 % av kommunen ligg meir enn 900 meter over havet. Kommunens lågaste punkt er 410 meter over havet.

Nord-Aurdal måler 52.4 km på nord-sør-aksen og 43.3 km på aust-vest-aksen.

Næringsliv

Primærnæringane er framleis den viktigaste næringa i kommunen. I tillegg til offentleg sektor og tenesteytande næringar så er turistnæringa også betydeleg med mellom anna Valdres skisenter og Valdres alpinsenter.

Det store friluftsmuseumet Valdres Folkemuseum ligg på halvøya Storeøya på Fagernes.

Utdanning

Kjende folk frå Nord-Aurdal

Thumb
Utsyn over Nord-Aurdal frå Tonsåsen, Fv33
  • Torkild Gåsdelen (1774–1803), bonde, dømd og avretta som drapsmann
  • Johannes Belsheim (1829–1909), teolog
  • Anders Underdal (1880–1973), bygdediktar, uekte son av Bjørnstjerne Bjørnson, far til Margit Sandemo
  • Knut Hermundstad (1888–1976), folkehøgskolelærar, folkeminnesamlar og statsstipendiat
  • Elisabeth Kværne (f. 1953), folkemusikar
  • Ola Thune (f. 1953), privatetterforskar
  • Inger Helene Nybråten (f. 1960), langrennsløpar
  • Sylfest Glimsdal (f. 1966), skiskyttar
  • Solveig Rogstad (f. 1982), skiskyttar
  • Ragnhild Hemsing (f. 1988), fiolinist
  • Hilde Lauvhaug (f. 1989), langrennsløpar
  • Eldbjørg Hemsing (f. 1990), fiolinist
  • Oda Utsi Onstad (f. 1990), friidrettsutøvar
  • Guro Kleven Hagen (f. 1994), fiolinist

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.