Niklas Dyrhaug
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Niklas Dyrhaug (fødd 6. juli 1987) er ein norsk langrennsløpar frå Tydal som vann VM-gull i 4 x 10 km stafett under Ski-VM 2015. Han er medlem av Tydal Idrettslag.
Niklas Dyrhaug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. juli 1987 (37 år) Trondheim |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018 |
Dyrhaug debuterte i verdscupen i langrenn på Beitostølen 21. november 2009. Han oppnådde si fyrste inndividuelle pallplassering i verdscupen då han vart nummer tre i verdscupfinalen 2012, ei tevling som inkluderte fire renn, og som vart arrangert i Stockholm og Falun frå 14. til 18. mars 2012. Tidlegare i same sesongen var han med på Noregs vinnarlag i 4 x 10 km stafett i eit verdscuprenn i Nove Mesto i Tsjekkia.
Sesongen 2015 tok Dyrhaug si fyrste NM-medalje då han vart nummer to på 30 km, bak Petter Northug, under NM på Røros. Under Ski-VM 2015 i Falun gjekk han fyrste etappe for Noregs lag som vart verdsmeistrar i 4 x 10 km stafett. Med seg på laget hadde han Didrik Tønseth, Anders Gløersen og ankermann Petter Northug.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.